Kvåle skule er ein 6 - 10 skule med 3 parallellar og omlag 350 elevar. I alt er det 48 vaksne som arbeider på skulen. 


Skulen ligg vakkert til på Fosshaugane Campus. Elevane på mellomsteget kjem frå Trudvang skule, medan ungdomssteget og har elevar frå Norane og Fjærland. Kvåle skule har dette skuleåret teke i bruk eit fantastisk uteområde, kanskje det finaste nokon skule i vårt område kan by på. Nyeskulen er eit flott moderne bygg, og her finn du alderstrinna 6. til 9. klasse. 10. klassane, administrasjonen og personalavdelinga finn du i ”gamlebygget”. Kvåle skule har eit godt samarbeid med Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Næringslivet i kommunen.

Skulen har 6 satsings-områder; Elevmedverknad og skulemiljø, Internasjonalt samarbeid, Entreprenørskap, Fysisk aktivitet og kosthald, IKT, Læringsstilar og læringsstrategiar.
 

Det internasjonale samarbeidet er etablert gjennom Comenius og Nord-Sør. It’s Learning er i ferd med å bli etablert som vår digitale plattform.

Visjonen vår er:  ME BYGGJER FRAMTIDA, saman med trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede

 
Her finn du oss:

Lunnamyri 14
Pb. 14
6851 Sogndal
Tlf: 57 67 90 40


Nyhende

FORELDREMØTE 25.JANUAR

Foreldre og elevar i 10. klasse er hjarteleg velkomne til samling onsdag 25.januar kl 19.00 -21.00.
Les meir »   19.01.12 kl. 08:33

Kypros neste

27. februar reiser fire elevar og to lærarar til Kypros som ein del av Comenius-opplegget Kvåle skule er med på.
Les meir »   18.01.12 kl. 16:03

Juletradisjonar

6. klassane har jobba med juletradisjonar og laga skodespel. Foreldra var inviterte og fekk sjå engasjerte og flinke elevar boltra seg på scenen.
Les meir »   18.01.12 kl. 10:22

Nytt år og nye elevar

2012 er godt i gang, også ved Kvåle skule. Me har fått fem nye elevar frå fire ulike land i starten av det nye året, og me ynskjer dei velkomne.
Les meir »   11.01.12 kl. 10:23

RSS

Kvåle skule kalendar

27.02.12
Elevfri dag
19.04.12
Elevfri dag for 6.7.8.9.trinnet
19.04.12
Munnleg tentamen 10. trinn
07.06.12
MUNNLEG EKSAMEN
08.06.12
MUNNLEG EKSAMEN
19.06.12 kl. 16:00
Fellessensur - skriftleg eksamen.
20.06.12
SKULESLUTT
21.06.12
Elevfri dag
21.06.12
Utdeling av vitnemål 10. trinn
18.08.12
13.01.12 kl. 18:52
18.08.12
28.03.11 kl. 10:36
Første skuledag 2011/2012
Abonnere på nyhende frå Kvåle skule?
Registrer deg her!

Di e-postadresse:

Søk på nettet