Endeleg fekk me lov til å gå på tur saman att heile mellomtrinnet! Første torsdagen dette skuleåret tok me turen opp mot Storehogen. Me gjekk i samla tropp opp til Vetlehaugen (med ein par innlagde pausar). Der hadde me matpause i ly for vinden. Etter mat fekk elevane velje om dei ville gå heilt opp på toppen av Storehogen (i høgt tempo), eller om dei ville starte på heimvegen. 14 elevar tok turen heilt opp på toppen, medan resten gjekk nedatt via Hatleggi.
Takk til føresette som stilte som sjåførar slik at me fekk ta denne fine rundturen!
Alle var einige om at det var ein fin dag :)