Skulen byggjer på grunnleggjande verdiar som inkludering, respekt for menneskeverdet, likestilling og likeverd. Me på Kvåle skule ynskjer å synleggjera dette med blant anna å markere SognaPride. Det å kunne få gjere det på vår eigen skule,  i vårt eige lokalsamfunn saman med folka som bur her, jobbar her, medelevar, foreldre og andre er ei flott moglegheit til å vise at me tek verdiane i skulen på alvor. 

Me opplever framleis skjellsord og haldningar som ikkje samsvarar med det me ynskjer å stå for, DERFOR er det viktig at me står opp og er tydelege på våre verdiar, og det me som skule og lokalsamfunn ynskjer å vere ein del av. 

Alle som ynskjer det, elevar på Kvåle skule, elevar på andre skular, tilsette på vår skule, andre tilsette i Sogndalsskulen og oppvekstsektoren, samt alle føresette og alle andre er hjarteleg velkomen til å gå bak parolen til Kvåle skule. Me har eit STORT ynskje om at Kvåle skule skal visast att i SognaPride  – BLI MED OSS I PARADEN

SognaPride laurdag 31.08

Oppmøte er frå kl. 11.30, og paraden går kl. 12.00

Oppstilling er på Campus ved Guridalsbygget, dvs. «gamle lærarskulen», Trolladalen 26 

Meir informasjon om SognaPride finn du på SognaPride (@sognapride) • Instagram-bilder og -videoer 

NB: Det er byggearbeid og vegstenging i Svingen.

Rekkjefølgja i paraden vert slik:

1

Ordførar og appellantar

2

SofjoPride

3

Vestland Bondelag

4

Sogndal vidaregåande skule

5

Naturvernforbundet Indre Sogn

6

Den norske kyrkja i Sogndal

7

Kvåle skule

8

Vestlandsforsking  

9

Høgskulen på Vestlandet

10

Studentsamfunnet i Sogndal

11

Trivselssentralen

12

LO i Sogn

13

Sogndal Arbeidarparti

14

Sogndal Høgre

15

Sogndal mdg

16

Sogndal Folkehøgskule

17

Helse Førde

18

Sognekraftkonsernet  

19

Sogndal SV

20

Sogndal Venstre

21

Sogndal musikklag

22

Sogndal sportsdrill

23

Alle som vil!